Med det nye anlegget aukar Hydro resirkuleringskapasiteten i Noreg og svarar på den veksande etterspurnaden etter aluminium med lågt klimafotavtrykk. Resirkulering av aluminium treng berre fem prosent av energien som blir nytta i elektrolyseproduksjon av aluminium.

- Utsiktene i aluminiummarknaden er gode i eit Europa som skal gjennom det grøne skiftet, men i ei uroleg tid treng kundane føreseielege partnarar for dei grøne satsingane sine. Med denne investeringa viser Hydro at vi satsar på Høyanger som ein stabil leverandør av lågkarbonaluminium i tiåra som kjem. Det er viktig for Hydro, for Høyanger og for verda, seier konserndirektør Eivind Kallevik i forretningsområdet Aluminium Metall.

I resirkuleringsanlegget vert aluminiumskrap, som har vore i bruk i alt frå bilar og bygningsfasadar til møblar og emballasje, smelta om til bruk i den vidare aluminiumproduksjonen til Hydro. Resirkulert aluminium bidreg til eit lågt CO2-fotavtrykk i aluminium, som gjer at kundane får lågare utslepp i verdikjeda og kan nå klimamåla sine. Anlegget er det første av denne typen i Noreg, med kapasitet til å resirkulere om lag 36 000 tonn brukt aluminium i året.

5A ved Høyanger skole vant førstepremie for kreativt design under konkurransen "Aksjon Gjenvinning" i 2023. I dag var de selvsagte gjester under åpningen av Høyanger Recycling. (Foto: Jens Christian Boysen/Hydro) Hydro investerer i framtida til Høyanger

Under den offisielle opninga klipte finansminister Trygve Slagsvold Vedum snora til eit anlegg som har skapt 21 nye årsverk hos hjørnesteinsbedrifta i Høyanger. Resirkuleringssenteret til 240 millionar er ei langsiktig investering som bidreg til å tryggje sysselsetjing og verdiskaping i samsvar med Hydro sine ambisjonar om grøn industriutvikling i Noreg. Samstundes er verket avhengig av tilgang på kvalifisert arbeidskraft for å halde hjula i gang.

- Hydro Høyanger er eit godt døme på kva ein kan få til i ei lita bygd berre ein har trygge rammevilkår, kompetanse og nok fornybar kraft. Verket er ein framtidsretta arbeidsplass som skal bidra til livskraft i lokalsamfunnet i tiåra som kjem, men det krevjer óg at vi har dei folka vi treng for framtida. Difor er me mellom anna svært opptekne av å halde oppe utdanningstilbodet til den videregåande skulen i Høyanger. Det er den viktigaste kjelda til lærlingar for verket, seier fabrikksjef Ann Synnøve Øygård.

  • Innan 2050 skal Hydro bli eit klimanøytralt selskap som lagar klimanøytrale produkt for eit klimanøytralt samfunn. Gjennom satsing på ny teknologi og auka resirkulering skal selskapet nå målet om å kutte eigne klimautslepp med ti prosent innan 2025 og 30 prosent innan 2030 samanlikna med 2018-nivå.
  • Full avkarbonisering skal nåast ved å resirkulere meir brukt aluminium i kombinasjon med at ny teknologi blir teken i bruk. Dette inkluderer karbonfangst og -lagring, bruk av hydrogen og biogass som energikjelde og dessutan ny, eigenutvikla teknologi som har potensial til å eliminere klimautslepp frå produksjon av primæraluminium.
  • Ved å kombinere vasskraft som energikjelde, moderne produksjonsteknologi og resirkulering av skrap kan Hydro Årdal levere Hydro REDUXA 3.0 med eit karbonfotavtrykk på under 3 kg CO2 per kg aluminium. Det er om lag 80 prosent lågare enn det globale gjennomsnittet.

Finn ut meir om Hydros vegkart for nullutsleppsproduksjon av aluminium.

Publisert: 19. april 2024

Relaterte sider
Kontakt
Abonner på nyheter og pressemeldinger fra Hydro

Attachments

  • Original Link
  • Permalink

Disclaimer

Norsk Hydro ASA published this content on 19 April 2024 and is solely responsible for the information contained therein. Distributed by Public, unedited and unaltered, on 19 April 2024 13:22:39 UTC.