Hydro investerer i ny teknologi for å kutte eigne CO2-utslepp og skape grønare produkt som verda treng. I den oppgraderte støypelinja i Årdal vert primæraluminium, som er laga med fornybar kraft, blanda med brukt aluminiumskrap. Dette gir eit rekordlågt karbonfotavtrykk som bidreg til å senke utsleppa i verdikjeda til nokre av dei mest krevjande kundane i Europa.

- Behovet for lågkarbonaluminium aukar, særleg i bilindustrien. Kompetansen og teknologien vi har her i Årdal gjer at kundane våre kan kutte utslepp i verdikjeda og nå klimamåla sine. Det gjer meg utruleg stolt å sjå korleis lokal kunnskap bidreg til det grøne skiftet i Europa, seier fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik, som tok imot næringsminister Jan Christian Vestre til den offisielle opninga av støypelinja 10. april.

Lågkarbonaluminium frå Årdal er ein viktig del av Hydro sitt strategiske partnarskap med mellom anna Mercedes-Benz, som bruker aluminium frå Årdal i produksjonen av dei elektriske bilmodellane EQS og EQE.

Investeringar bidreg til eit aktivt og levande lokalsamfunn

På verket i Øvre Årdal fekk næringsministeren sjå støyperiet som er oppgradert med både resirkuleringsteknologi, nytt lagerbygg og dessutan eit forvarmingskammer som skal gjere operasjonane endå tryggare. Årdal Recycling har skapt 14 nye årsverk og skal resirkulere om lag 25 000 tonn brukt aluminiumskrap i året. Oppgraderinga til 100 millionar kroner er ei av fleire store og langsiktige investeringar som set Årdal i stand til å levere lågkarbon­aluminium av høgaste kvalitet til den europeiske marknaden.

Dei siste fem åra er det investert 1,6 milliardar kroner til ny teknologi i elektrolysen, karbonfabrikken, støyperi og renseanlegg i Årdal i tråd med Hydro sine ambisjonar om grøn industriutvikling i Noreg. Drifta har ringverknader som bidreg til sysselsetting og verdiskaping. I 2023 kjøpte verket varer og tenester for meir enn 250 millionar frå lokale leverandørar.

- Hydro Årdal representerer 77 år med industrikultur og er eit svært godt døme på kva ein kan få til om ein har trygge rammevilkår og tilgang på lokal kompetanse og nok fornybar kraft. Verket er ein framtidsretta arbeidsplass og hjørnesteinsbedrift som skal bidra til livskraft i lokalsamfunnet i tiåra som kjem, seier Halkjelsvik.

  • Innan 2050 skal Hydro bli eit klimanøytralt selskap som lagar klimanøytrale produkt for eit klimanøytralt samfunn. Gjennom satsing på ny teknologi og auka resirkulering skal selskapet nå målet om å kutte eigne klimautslepp med ti prosent innan 2025 og 30 prosent innan 2030 samanlikna med 2018-nivå.
  • Full avkarbonisering skal nåast ved å resirkulere meir brukt aluminium i kombinasjon med at ny teknologi blir teken i bruk. Dette inkluderer karbonfangst og -lagring, bruk av hydrogen og biogass som energikjelde og dessutan ny, eigenutvikla teknologi som har potensial til å eliminere klimautslepp frå produksjon av primæraluminium.
  • Ved å kombinere vasskraft som energikjelde, moderne produksjonsteknologi og resirkulering av skrap kan Hydro Årdal levere Hydro REDUXA 3.0 med eit karbonfotavtrykk på under 3 kg CO2 per kg aluminium. Det er om lag 80 prosent lågare enn det globale gjennomsnittet.

Finn ut meir om Hydros vegkart for nullutsleppsproduksjon av aluminium.

Publisert: 10. april 2024

Relaterte sider
Kontakt
Abonner på nyheter og pressemeldinger fra Hydro

Attachments

  • Original Link
  • Permalink

Disclaimer

Norsk Hydro ASA published this content on 10 April 2024 and is solely responsible for the information contained therein. Distributed by Public, unedited and unaltered, on 10 April 2024 13:08:25 UTC.